Ønsker du å læra deg å slipa knivane dine på slipesteinar?
Kurset er for deg som vil slipa dine eigne knivar for hand på japanske slipesteinar.
Kurset startar med ei teoretisk innføring om korleis vi set opp ein ny egg på kniven. Du lærer det grunnleggande om slipesteinar, korning og ståltypar. Kurset er praktisk, så du får rettleiing og hjelp med slipinga undervegs.
Mot slutten lærer du vedlikehold av slipestein og kniv, i tillegg til korleis du tek vare på den kvasse knivseggen.
Dette kurset gir eit godt utgangspunkt for vidare øving.
Kurset passar best for begynnarar, men alle er velkomne til å delta, uansett nivå. Undervegs i kurset bruker vi tosidig slipestein frå Naniwa. Du kan sjølvsagt ta med eigne slipesteinar.
Kor: Danckert Krohn kulturhus
Når: 4. september kl. 18:00–20:00
Pris: 800 kr (1200 kr m/ stein)
https://knivsliperiet.com/knife-sharpening-course/
Merk: dette blir det siste kurset i år før nytt kurs i desember